Innspel til ny universitets- og høgskulelov
Noregs Mållag vil med dette kome med innspel til arbeidet med ei ny universitets- og høgskulelov, med forskrifter, og til endringar i studentsamskipnadslova.
Universitets- og høgskulelova

Norsk fagspråk:
Noregs Mållag er uroa for norsk fagspråk, og nynorsk fagspråk særskild og meiner lova må ta større språkpolitisk ansvar. Engelsk er i ferd med å ta over som forskings- og undervisingsspråk i Noreg. Den sterke posisjonen engelsk språk har fått i akademia, gjer det endå vanskelegare å sikra den nynorske skriftkulturen. Arbeidet for å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk er for lite prioritert og følgt opp innanfor sektoren.

Styrking av norsk språk er ikkje ein resultatindikator i akademia, og det er heller ikkje formidling av forsking overfor eit breitt publikum. Internasjonal inn- og utveksling av studentar er derimot ein slik indikator. Det gjer det attraktivt å gje undervisning på engelsk for å trekkja til seg utanlandske studentar.

Noregs Mållag meiner difor at formålsparagrafen må sikra norsk fagspråk på både bokmål og nynorsk. Den nye lova må slå klårt fast at høgare utdanning har ansvar for å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk på begge målformer, og staten må setja i verk straffetiltak mot dei som saboterer gjennomføringa av denne lova.
Den nye lova må òg slå fast at institusjonane må ha lokale språkpolitiske planar. Sektoren må i tillegg stilla sterkare tilsetjingskrav, slik at eit vilkår for fast jobb er at tilsette kan dokumentera at dei kan norsk innan ei viss tid.

Språk må òg vera eit av kriteria i teljekantsystemet som skal premiera formidling på norsk, både til fagfellar og til eit breiare publikum og for publisering på norsk. Særleg publisering av lærebøker på norsk bør gje økonomisk utteljing og bli viktigare.
Utvalet bør leggja «prinsippet nynorsk» til grunn for arbeidet og stilla spørsmålet om kva språkpolitiske konsekvensar det nye framlegget vil få for stillinga til nynorsken i samfunnet.

Studentrettar
Det er viktig å hegna om retten til å få eksamen på eige språk. I dag er dette sikra i ei forskrift til mållova og i nokre av eksamensforskriftene til einskilde UH-institusjonar. I dag er ikkje private høgskular omfatta av denne retten, det bør dei bli, og den nye lova må slå denne retten klårare fast. Høgare utdanningsinstitusjonar som ikkje gjev nynorskstudentane eksamen på nynorsk, skal møta sanksjonar.

Om ein skal sikra norsk fagspråk, må studentane få rett på undervisning på norsk til og med bachelor, og dei må gjevast ein rett til å skriva bachelor- og masteroppgåver på norsk. I fag der lærebøker eller undervisning er på engelsk, skal det finnast norskspråkleg støttemateriell.

Studentsamskipnadslova
Mange nynorskelevar blir bokmålsstudentar når dei tek til på høgare utdanning. Språkskiftet har mange og komplekse grunnar. Dersom nynorsk var synlegare på studiestadene, ville det vore lettare for studentane å halda fram med nynorsk.

Studentsamskipnadene er synlege i studiekvardagen gjennom at dei driv barnehagar, kafear, treningssenter og leiger ut leilegheiter, for å nemna noko. Om studentsamskipnadene følgde mållova som nasjonale statsorgan, ville det ført til meir nynorsk i kvardagen på studiestadene og gjeve studentane språklege rettar. Det vil føra til at dei må svara på nynorsk om dei blir kontakta på nynorsk, at skjema som husleigekontrakter må koma på begge skriftspråka og at samskipnadene skal bruka minst 25 prosent nynorsk i skilting, på nettsida og på sosiale medium.

Studentsamskipnadene er såkalla særlovsselskap, altså selskap som er oppretta av staten gjennom ei lov. Vinmonopolet og dei regionale helseføretaka er døme på særlovselskap som er underlagde mållova. Samskipnadane får mykje offentleg støtte til dømes til bustadbygging. I dag bruker berre to av fjorten studentsamskipnader noko nynorsk, og etter det me veit har berre Studentsamskipnaden på Vestlandet (Saman) ein plan for å veksla mellom dei to norske skriftspråka.

Ei lovendring vil gjera det lettare å vera ung nynorskbrukar og endra det biletet mange har av at nynorsk ikkje høyrer heime på studiestaden deira. Studentsamskipnadene er til for studentar frå heile landet, både nynorsk- og bokmålsbrukarar. Difor er det grunnleggjande feil at studentsamskipnadene mest berre brukar bokmål. Noregs Mållag krev difor at lov om studentsamskipnader blir endra, slik at studentsamskipnadene lyt følgja mållova og blir rekna som nasjonale statsorgan. Alternativt må studentane sine språkrettar løysast gjennom andre vedtak som sikrar like gode språklege vilkår som mållova ville ha gjeve dei.

Oslo, 17. september 2019

Magne Aasbrenn
leiar Gro Morken Endresen
dagleg leiar