Heimel for å ikkje gi kopi.

Hei,

Kan de vurdere behovet for å skaffe klarare heimel for å nekte kopi av 1) sensorrettleiing og 2) eksamensoppgåvene?

Kort forklart: Det er gitt ein ymse heimel for å nekte kopi av sensorrettleiinga i førearbeida til § 5-3 (3). Retten til kopi er derimot svært klar i lovteksten i fvl. § 20 andre ledd første punktum.

Når det gjeld heimel for å nekte kopi av eksamensoppgåvene finst det ikkje noko slikt i dag, med lovavdelinga har uttalt at dei meiner ein kan gjere det likevel (JDLO-2010-3631). Sivilombodsmannen har kome til motsatt resultat – men på eit anna område (SOMB-1994-13).

Det eg ber om er altså at utvalet vurderer behovet for heimel på ein slik måte at spørsmålet blir ein del av lovgivingsprosessen.

Ta kontakt om dette var uklart!