Forslag til endring av § 5.3 – klage over karakterfastsetting – rett til begrunnelse, punkt (4)

Stein Bondevik, professor i geologi (HVL)
Matthias Forwick, instituttleiar, geovitenskap (UiT)
Sten-Andreas Grundvåg, førsteamanuensis i geologi (UiT)
Atle Nesje, professor i geologi (UiB)
Knut Rydgren, professor i botanikk (HVL)
Tom Arne Rydningen, førsteamanuensis i geologi (UiT)
Brit Lisa Skjelkvåle, instituttleiar, geofag (UiO)
Holger Stunitz, professor i geologi (UiT)

«Ved ny sensurering skal sensorene ikke få opprinnelig karakter, sensors begrunnelse for denne eller studentens begrunnelse for denne». Denne ordninga er urettferdig og bryt med vanleg praksis for korleis klagesaker elles i samfunnet vert handtert. Me meiner det er gode grunnar for at den opphaveleg karakteren må følgja med eksamenssvaret til ny sensurering.

Bakgrunn
Studentane klagar meir enn før på karakterane, på enkelte emne klagar 15 % av studentane på karakteren (studvest.no). Dette fører til omfattande nysensurering av eksamenssvara, noko som tek mykje tid og krev store ressursar. Ei oversikt syner at overraskande mange studentar får betre karakter ved klage (injuria.no). Dette er urettferdig.

Urettferdig
Meininga med dette hemmeleghaldet er truleg at det skal vera til fordel for studentane som klagar, at dei skal få ei heilt ny og uavhengig vurdering av eksamenssvaret sitt. Det er ein fin tanke, men slik fungerer det ikkje. Ein openberr grunn er at alle eksamenssvara ikkje er tilgjengelege for den nye sensoren. Han/ho skal på fritt grunnlag vurdera eksamenssvaret opp mot pensum og læringsmåla i kurset. Det endar for ofte feil, og difor er det kome inn eit tillegg, punkt 6, som seier at: Hvis karakteren ved ny sensurering avviker med to eller flere karakterer fra opprinnelig sensur, skal utdanningsinstitusjonen foreta ytterligere en vurdering før endelig karakter fastsettes. Det betyr oppnemning av endå ein ny sensurkomité.
Som sensor i første instans set du karakter på alle oppgåvesvara i lag med faglærar. Du har eit heilt anna grunnlag for karaktersetjinga, du sit med heile utvalet og gjer dette i lag med faglærar. Og som regel er denne vurderinga rett.
Praksisen med hemmeleghaldet er spesielt urettferdig for dei studentane som ikkje klagar. Tenk deg ein som klagar på karakteren C, denne C-en vart i første instans vurdert som den svakaste C-en i klassen. Men klagaren får, etter mykje grubling i den nye komiteen om dette er ein C eller B, den nye karakteren B. For alle studentane som har fått C eller betre er dette urettferdig.

Klagesaker elles i det offentlege
Når du elles klagar på utfallet av ei sak, går saka vidare til klageinstans saman med alle dokumenta og opplysningane som vedkjem saka – også utfallet og grunngjevinga for vedtaket frå første instans går vidare. Dette er heilt sjølvsagt. Det er ingen grunn til at dette skal vera annleis for klage på karakterfastsetjing på eksamenssvar, som også er eit offentleg vedtak. Universitetslova bør følgja vanleg rettspraksis som gjeld for samfunnet elles.

Respektlaust
Å hoppa bukk over sensor og faglærar sine vurderingar, altså den opphavelege karakteren, kjennest respektlaust. Ingenting av alt arbeidet og vurderingane som er gjorde vert med vidare til den nye sensuren. Dette er sløsing med tid og ressursar. Dei nye sensorane startar heilt på nytt, og skal setja ein ny karakter som studenten ikkje kan klaga på. Dette siste punktet, at studenten ikkje kan klaga på avgjerda, fører kanskje også til at komiteen let ‘tvilen falla tiltalte til gode’.

Forslag
I § 5.3 punkt (4) bør ordlyden endrast til: Klagesensorane skal få den opphavelege karakteren på eksamenssvaret. Dersom det finst ei grunngjeving eller vurdering for karakteren frå den første karakterfastsetjinga, skal denne også følgja med eksamenssvaret til klagesensorane.

injuria.no: https://www.injuria.no/arkiv/post-SZPPQ-sensursystemet-under-lupen—stort-sprik-mellom-resultatene-i-ordinaer–og-klagesensur (henta 19. august 2019).
studvest.no: https://www.studvest.no/store-forskjeller-i-klageresultater/ (henta 19. august 2019).